skald.no > Nytt > Stor merksemd i Frankfurt

Stor merksemd i Frankfurt

Både reise- og barnebøker frå SKALD var populære

Stor merksemd i Frankfurt

I førre veke deltok Skald på den store bokmessa i Frankfurt. Skald var det einaste vestlandsforlaget som representerte nynorsk litteratur på verdas største bokbransjetreff. Meir enn 150 000 fagpersonar møttest på messa og forlagsredaktør Simone Stibbe presenterte dei utanlandske kollegaene for to barnebøker og ei reisebok.

Den største barneboksuksessen var «Ulveungen Sim» av Stella East. Den vakre og lærerike boka om ulv vert truleg gitt ut i Danmark, Sverige og Tyskland, og vekte dessutan stor interesse hjå finske, canadiske, koreanske og spanske forlag.

Tidlegare i år gav Skald ut Jakob Sande for barn. Den fargerike barneboka «Gåsa, katten og hanen», illustrert av Ingunn Wiken, var også med til Frankfurt. Wiken sine illustrasjoner vart lagt merke til på messa. No vurderar eit forlag frå Tyskland å gi ut boka.

Salssuksessen frå i fjor, «Gran Canaria – 53 opplevelser», vert nok selt til Sverige. I 2005/2006 reiste nesten 200 000 svenskar til øya, nesten like mange som reiste fra Norge.
– Då eg drog til Frankfurt, var det ein ting eg visste heilt sikkert, og det var at praktboka om denne ferieøya ville gå til Sverige, seier Stibbe som var svært nøgd med messeopphaldet.