skald.no > Nytt > Barnearrangement: Kva er ei stavkyrkje?

Barnearrangement: Kva er ei stavkyrkje?

7. juni ved Urnes stavkyrkje på Ornes

Barnearrangement: Kva er ei stavkyrkje?

7. juni vert det barnearrangement i samband med utgjevinga av Den vesle stavkyrkjeboka av Grete Letting, Reidar Solberg og Björk Bjarkadóttir. Den lettlese og morosame barneboka gir ei generell innføring i kva ei stavkyrkje er, korleis ho er bygd og korleis stavkyrkjene er forankra i vår kultur. Torsdag inviterer Skald skuleelevar frå nærområde og andre interesserte til Urnes stavkyrkje. Då vert det miniguiding av forfattar Grete Letting – og Reidar Solberg, som voks opp i huset rett ved stavkyrkja, skal fortelje om barndommen sin på kyrkjetrappa.

Tid: Torsdag 7. juni ca. kl 10.30
Stad: Urnes stavkyrkje, Ornes
Varighet: ca. 1 t

Viktig: Ferje Solvorn-Ornes kl 10.00. Frå ferjekaien til stavkyrkja er det ca. 10 min å gå.
Ferje tilbake frå Ornes kvar time, dvs. kl 12.20 osb.