Over 60 Balestrendingar møtte opp då praktboka "Balestrand" av fotograf Knut Bry og forfattar Idun A. Husabø vart lansert på Kviknes Hotel fredag 16. september. Balestrendingane likte tydelegvis det dei såg, for boksalet gjekk strykande.
Etter lanseringa vart ca. ti signerte originalbilete frå boka auksjonerte bort. Inntektene på vel 18.000 gjekk til Afrikas Horn gjennom Balestrand Røde Kors. Bileta var donerte av Knut Bry - innramminga av Rammeriet i Balestrand.