Det store jubileet for Årdal som 150 år gamal kommune vart feira sist veke. I samband med dette lanserte me boka Årdal - kamp, krefter og kunnskap med høgtideleg overrekkjing under kommunestyremøtet torsdag 18. februar. Ordførar Arild Ingar Lægreid let vel over både bok og føredrag av Johs. B. Thue, ein av forfattarane av boka. - Me har lagt stor vekt på språket i denne boka, at den skal vere lettlest og tilgjengeleg for folk flest, sa Thue til porten.no. Ei stasbok for ein verdig jubilant altså!