skald.no > Nytt > 52 ting å gjera medan du er i Sogn

52 ting å gjera medan du er i Sogn

Bokslepp under Nynorske Litteraturdagar

52 ting å gjera medan du er i Sogn

Den nye praktboka «52 opplevingar i Sogn» til Skald forlag tek for seg ulike stader og aktivitetar rundt Sognefjorden. Forfattar Frode Aga og fotograf Olav Øygard har reist i Sogn i vel eit år og har samla 52 særskilte opplevingar, ei til kvar veke i året. Boka skil seg ut ved ikkje berre å omhandle kjende og kjære attraksjonar, men også mange skjulte skattar Sogn har å by på.

Boka er delt opp i fem hovudkapittel som omhandlar natur, kultur, historie, aktivitetar og historie. Eit eige kapittel om lokal mat gir lesaren ein smak av Sogn. Kvar oppleving har fått eit engelsk samandrag. Den rikt illustrerte boka med foto av høg kvalitet er meint å vekkje appetitten både på reisa og ved lesing heime før og etter turen. Praktboka «52 opplevingar i Sogn» er i seg sjølv ei fargerik leseoppleving i tekst og bilete og viser det ekte fjordlandskapet utanfor dei vanlege turistvegane. Boksleppet med servering av Sognatapas på tradisjonsrike Fretheim hotell finn stad under årets Nynorske litteraturdagar i Aurland.

Les meir om boka og last ned smakebit her:
- Smakebit: 52 opplevingar i Sogn