(13.12.11) Overskrifta til Dagbladet lyder "En liten perle" og Dag og Tid følgjer opp nokre dagar seinare med "Prosaperle frå Erna Osland". Dagbladet tek like godt med at Skald har gitt ut fleire gode barnebøker i år og avsluttar omtalen med "Både "Kyss ein bokstav" og "Trøysteboka" anbefales på det varmeste og er gode gaver under treet." Dobbel skryt til Osland her, då ho også er bidragsytar til sistnemnte!
(28.11.11)
Katrine Sele i Firda har meldt "Doktoren og Vesledoktoren" av Ole Johannes Øvretveit. Ho skriv m.a.:
"..ei modig historie som kan vere til trøyst og nytte for mange (...) vanskeleg å legge frå seg (...) sterkt og ærleg (...) verdifull og god lesnad (...) ei modig og varm bok."
(18.11.11) Nils R. Ringdal har vore mange gongar tilbake på Voss sidan han slutta etter landsgymnaset i 1958, men denne gongen var det med bok i bagasjen! Vossaminne er forfattaren sine tilbakeblikk på ein trygg barndom og spennande ungdomstid i Vossabygda.
(24.01.06)
Dette er våre beststseljarar gjennom tidene (bøker i sal):
1) Johs. B. Thue:
Flåmsbana (no, en, ty, ru, ki, ja, spa)
2) Hörtenhuber/ Wolf:
Oups frå hjarteplaneten (nn, nb)
3) Leiv Bergum/ Henning Rivedal:
Sognefjorden
4) Stig Holmås og Tove Jensen Holmås:
Bergen
5) Anne-Karin Strøm/ Esten Borgos:
Håndplukket
6) Kristian Finborud:
Det norske skieventyret
7) Diverse:
Godnattboka
8) Øystein Eide:
Gran Canaria – 53 opplevelser
9) Frank Dehli:
Señor Lyng (no, en, es)
10) Johs. B. Thue:
Fjordreisa
(06.11.11)
Mari Nymoen Nilsen skriv:
Forlaget Skald har tidligere utgitt «Godnattboka» og «Eventyrboka», prisbelønte samlinger med nynorske fortellinger. Nå følger de opp med bok nummer tre, som samler seg omkring temaet trøst.
I alt 21 forfattere bidrar, blant annet Brit Bildøen, Maria Parr, Einar Økland og Ingelin Røssland.
Også her er det Gunvor Rasmussens fantastiske illustrasjoner som får bli med fortellingene, de både underbygger, lever av seg selv, skremmer og trøster ved siden av teksten.
(03.11.11) 70-80 menneske hadde teke turen til Tre Brør Café for å høyra forfattar Øyvind Birkeland fortelja om boka si, Toppturar i Vossafjell . Det vart servert vafler og kakao som ein påminnar om at kalde, fine dagar er i vente - dagar perfekte for tur i dei vakre fjella kring Voss!
(31.10.11) Maria Parr fengsla ungane då ho fortalte fortalde om Raur under Litteraturdagane i Aurland. "Raur gir dyna si ein klem" er ei av 21 forteljingar i Trøysteboka som kom ut i haust. (Foto: Sigrid Svartefoss)
(26.10.11) Erna Osland er i år aktuell med to Skald-bøker. Onsdag 26. oktober fekk elevar frå ein barneskule i Bergen høyra Erna fortelja og lesa frå boka Kyss ein bokstav . Til trass for litt usemje om korvidt kyssing var noko kult, så var ungane ivrige etter å høyra på og fortelja om sine eigne forhold til lesing og skriving. Forteljingane i "Kyss ein bokstav" - hits for kids!
(04.10.11) Illustratør Gunvor Rasmussen opna dørane til dei fine kontorlokala sine på Bryggen i Bergen. Dei mange som tok turen innom, fekk heimelaga muffins, litt i glaset, gamalost og plommeconfiture laga av Skald-tilsett Unni Torgersen. Helga Gunerius Eriksen hadde høgtlesing av forteljinga si "Først og sist" og Einar Økland kasta glans berre ved å vera der.
(04.10.11) Njøs,fyller 80 år og Skald feirar med å gi ut dei beste av desse saman med ei mengd nye historier i ei flott jubileumsbok. De’kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor! har vore Odd Njøs sitt motto i samband med dei tre populære samlingane med humoristiske stubbar frå Sogn han tidlegare har gitt ut.
(04.10.11) Den kjende fotografen Knut Bry - tett følgd av forfattar Idun A. Husabø - har vitja Balestrand med hengekøya si og trava nyfikent rundt i snø og grøne enger med eit kamera i handa. No er det blitt bok av det.
(27.09.11)
Den nye boka frå Odd Njøs, Kjapp i kjeften, vart lansert i lokala til SKALD. Over 70 frammøtte fekk oppleva ein 80-årsjubilant i storslag. Sjølvsagt stilte både mannskor og prest med hyllingar til Odd.
Boka er illustrert av Janne Nes.
(20.09.11)
Henning Rivedal tek for seg fenomenet gamalost: Historie, helseeffektar, mytar, bruksområde og sjølvsagt saftige anekdotar, som det naturlegvis oppstår i samband med ein så markant nordmann.
Ein kan rynka på nasen, og det er nettopp det mange gjer når ein tek osten fram, men gamalosten fortset å vera del av daglegvaresortementet og ein av våre mest berykta eksportartiklar!
Det blir enkel servering av god gamalost.
Og det er gratis.
(19.09.11)
Over 60 Balestrendingar møtte opp då praktboka "Balestrand" av fotograf Knut Bry og forfattar Idun A. Husabø vart lansert på Kviknes Hotel fredag 16. september. Balestrendingane likte tydelegvis det dei såg, for boksalet gjekk strykande.
Etter lanseringa vart ca. ti signerte originalbilete frå boka auksjonerte bort. Inntektene på vel 18.000 gjekk til Afrikas Horn gjennom Balestrand Røde Kors. Bileta var donerte av Knut Bry - innramminga av Rammeriet i Balestrand.
(07.09.11) Praktbøker om Vestlandet, sognehumor, barnebok om trøyst, spennande krim og ein roman om livet. Haustlista frå Skald forlag byr på stor variasjon. Ta ein kikk på kva som kjem i bokhandelen dei neste vekene!
(07.09.11) No berre 199 kr! Fjorårets språksensasjon Grautmål er no å få tak i endå rimelegare enn sist. Du sparar ein hundrings om du framleis ikkje har skaffa deg boka! Så då er det berre å sjao te - du finn boka i alle gode bokhandlarar.
(29.06.11)
Dagen før dagen, onsdag 6. juli, vart boka Førdefestivalen uhøgtidleg erklært opna av festivaldirektør Hilde Bjørkum (midten)før forfattarane (Hattestein til venstre, Bendz til høgre)fortalde litt om erfaringane sine kring boka og festivalen. Musikarar frå årets Talent-prosjekt framførde norske, serbiske og tyrkiske tonar til dei frammøtte på Handelshuset Libris - ein bra forsmak på festivalen!
(19.05.11)
Journalist Henning Rivedal og historikar Kjerstin Risnes kjem med ei praktbok om gamalosten si rolle i norsk matkultur. Gamalost vart lansert under årets gamalostfestival i Vik i Sogn, fredag 20. mai. Du kan finna ein smakebit frå boka her.
Sjå Henning Rivedal på NRK Førkveld 25.5.2011
"Gamalosten sitt aller nyaste testament"
På scenekanten - NRK sjå bloggen her.
(13.04.11)
Veslemonster og Storemonster er gode vener, men av og til er det ikkje så lett å vera liten. Av og til er det ikkje så lett å vera stor heller! Begge dukkar opp i dei to bøkene Nei, sa Veslemonster og Store monster græt ikkje . Bøkene er til no utgitt på islandsk, svensk, dansk, færøysk, finsk, spansk og fransk. Omsetjar er prisløna Tove Bakke.
(07.02.11) Etter å ha trykt Det norske skieventyret i 3 opplag, og med ski-VM på trappene, så er endeleg boka omsett til engelsk. Den engelske tittelen - How to ski in Norwegian viser til korleis me nordmenn likar å tenkja at det er i grunnen berre me som verkeleg kan gå på ski. Dei humoristiske og tørre betraktningane til Kristian Finborud klarar seg svært så bra i engelsk språkdrakt.