Espen Grønli (f. 1954) er frå Oslo. Han er fotograf med spesialområdene mat, interiør og arkitektur. Han arbeider til dagleg bl.a. for Bonytt og Design- og interiørmagasinet.
Leiv Bergum (f. 1928) er fødd og oppvaksen i Førde. Han kom til Sogndal i 1950 og etablerte fotoforretning. Sidan har han dreve med profesjonell fotografering. Han var ei tid også nytta som lokalfotograf for NRK.
Tor Yttri (f. 1965) er fødd og oppvaksen i Sogndal. Til dagleg arbeider han som journalist og fotograf i Sogn Avis. Han er mellom anna kjend for natur- og turreportasjane sine.
Berre med ein ryggsekk over skuldrene gav
Björn Klauer (50) seg i veg frå Hamburg til
Noreg for 25 år sidan. Under den tolv månader lange vandringa frå Oslo til Kirkenes vart han oppslukt og fascinert av det vakre landskapet. Etter 3 500 km, der huskyen Keito – som
stammar fra Grønland – følgde han i vintermånadene, var avgjerdsla teken.
Han ville utvandre til Noreg. Han slo seg ned nord for polarsirkelen i den vetle fjellbygda Innset. Der bur han no med kona si og 50 sledehundar på ein avsidesliggjande gard. I 20 år har han tilbydt utfordrande hundesledeturar og ekspedisjonar til interesserte.
Oskar Andersen (f. 1959) bur i Jølster kommune. Han er utdanna skogteknikar, men arbeider no på heiltid som frilans fotograf gjennom firmaet Debra foto.
Oddmund Lunde er fotograf i Dagbladet. Han har arbeidd som naturfotograf frå tidleg på 1970-talet og levert foto til bøker og tidsskrift. I 1996 vann han bladet Villmarksliv sin fotojaktkonkurranse. Lunde har levert mange naturinnslag til Norge Rundt og har laga filmen ”Nordfjella – i villreinens rike” for NRK-programmet Ut i Naturen.
Oddleiv Apneseth (f. 1955) har vore fotograf i Bergens Tidende sidan 1980. I 1997 fekk han 2. premie i den verdsomfattande konkurransen World Press Photo, klasse "Art". I tillegg har han vunne prisen for Årets bilde i Norge 1994 samt diverse andre norske presseprisar. Han var festspelfotograf for Festspillene i Bergen 2000 og 2001 og har vore med på mange bokprosjekt.
Esten Borgos er busett på Kløfta i Ullensaker. Han er utdanna sivilmarkedsfører ved Norges Markedshøgskole i Oslo og har i tillegg utdanning i fotografi frå Brookhaven i Dallas, Texas. Sidan 1989 har han arbeidd med fotografering til reklame og for magasin, vekeblad og bøker.
Per Olaf Breifjell (1932–2008) vart fødd i Kristiansund, men han voks opp og budde i Oslo. Breifjell gjekk på fotoskule i København og arbeidde som fotograf med fototeknisk dokumentasjon for Oslo Lysverker / Oslo Energi frå 1955 til fotoavdelinga vart lagd ned i 1993. I samband med dette dokumenterte han også kraftutbygginga i Aurlandsdalen.
Olav Øygard (f. 1964) er medielærar på Mo og Jølster
vidaregåande skule. Han jobba som fotograf i avisa
Firda frå 1987 til 2003 og vann fleire prisar for avisa. I 2004 vart han tildelt gull i konkurransen Årets avisside for ein fotoreportasje om skipsverftet i Førde. Øygard har også fotografert for Sogn og Fjordane teater gjennom mange år.
Arve Ullebø (f. 1971) har dei siste ti åra hatt sitt
heiltidsvirke som fotograf og er til dagleg knytt til verksemda POW! Productions AS i Høyanger. Han har bakgrunn og erfaring frå alt frå brudefoto til reportasjereiser til konfliktområde som Palestina og Sunnfjord.
Arve fekk inspirasjonen til å satse som fotograf
etter å ha delteke på Morten Krogvold sine kjende
foto-workshops. Arve var tidleg på 90-talet trommis
i Høyanger-bandet “The Tubs” som turnerte land og
strand. Rockebandet gav også ut to plater som hausta
gode kritikkar i rikspressa.
Kjell Erik Herheim (f. 1946) har fotoutdanning frå Trondheim og England og har arbeidd i Herheim Foto sidan sommaren 1972. Han har site i styret i Norges Fotohandlerforbund og i fleire landsdekkande fotokjeder. Firmaet har heile tida drive rammeverkstad og fotoforretning i tillegg til fotograferinga.
Lars Asle Vold (f. 1948) er fotograf og fagkonsulent på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og har ansvar for utforminga av utstillingane. Han er utdanna innan design og interiørarkitektur, og har i tillegg utdanning i fotojournalistikk frå Nordens fotoskola i Stockholm.
Brita Olsson er svensk fotograf, busett i Stockholm. Ho er spesielt oppteken av dans som uttrykk, og ho har i lange periodar arbeidd spesielt med å fotografera dans/ballett. Ho samarbeidde med Kjartan Slettemark frå siste halvdel av 1960-åra, og ho har eit svært omfattande fotomateriale som dokumenterer kunsten og livet hans. Olsson har fått stipend frå den svenske Konstnärsnämnden til arbeidet med boka om Slettemark.
Lorraine Thompson (f. 1971) er fødd i York, England, og er no busett i Leikanger i Sogn. Ho er sjølvlærd fotograf og har spesialisert seg innan Natural Photography. Ho tek bileta i naturleg lys og arbeider utan digital redigering.
Knut Johannes Bry (f.1946 i Hallingdal) er ein norsk fotograf, særleg kjend som reklame- og motefotograf. Han har vunne fleire prisar, blant anna «The American Photographer» i kategorien mote i 1986, årets fotograf i Noreg frå Kreativt Forum i 1989 og fotografiprisen frå Norges Fotografforbund i 1994 (kjelde: Wikipedia). Balestrand er den fyrste boka han gir ut på Skald.
Helge Skodvin er frå Bergen og er fulltidsfotograf. Han leverer til bl.a. Bergens Tidende, forlag og reklamebyrå. Han har vunne fleire prisar for bileta sine.