Eyvind Viken (f. 1918) hadde bak seg ei lang yrkeskarriere i offentleg sektor og var fagleg aktiv både i NTL og Norsk Kommuneforbund. Viken var med på å stifta Sosialistisk Folkeparti i 1961. Han var formann i Oslo SF i fleire år.
Ingrid L. Lystad (f. 1943) er utstillingsleiar for Høstutstillingen og har arbeidd i organisasjonen Norske Billedkunstnere sidan 1989. Tidlegare har ho arbeidd på Museet for Samtidskunst og Riksgalleriet, og undervist i kunsthistorie ved Westerdals Reklameskole. Ho er utdanna cand. philol. med historie, kunsthistorie, tysk og fransk.
Terje Lyngstad (f. 1966) er utdanna lektor og har undervist i fleire år både i vidaregåande skule og i høgskulesystemet. Han har og drive eige firma, vore informasjonssjef ved Sogn og Fjordane Teater og kultursjef i Jølster kommune. I dag er han banksjef i Sparebank1 si avdeling i Førde.
Agnes Brudvik Engeset (f. 1973) er utdanna ved Universitetet i Oslo med etnologi hovudfag. Hovudoppgåva hennar handlar om reisene med dei første turistskipa til Noreg, slik dei vert skildra i tyske og engelske reiseskildringar frå 1800-talet. Ho er forskar ved Vestlandsforsking, Sogndal.
Last ned høgoppløyseleg bilete:
– Agnes Ingeborg Brudvik Engeset. Foto: OSY
Rolf Kjødnes (f. 1968) er frå Årdal. Han er tilsett ved Hydro Aluminium, men dei store interessene er fjellklatring og naturfotografering.
Rolf Losnegård er fødd i 1946 i Hyllestad og bur i Vårdal i Askvoll kommune. Han er filolog med historie, norsk og litteratur og har programskaparutdanning frå NRK. Rolf har vore leiar i Dramatikerforbundet, jobba i NRK, i skulen og som dramaturg ved fleire teater. Han har ei rekke bøker og skodespel - mellom dei Kinnaspelet - bak seg.
Kristen Askeland (f. 1934) er pensjonert sjefsingeniør i Statens vegvesen, Sogn og Fjordane. Etter teknisk/økonomisk utdanning og praksis som ingeniør, vart han i 1964 tilsett som leiar for den nyoppretta maskinavdelinga i fylket. Denne stillinga hadde han fram til 1995 då etaten vart omorganisert.
Norman Kjærvik (f. 1957) er informasjonssjef i Statkraft. Kjærvik har allsidig bakgrunn frå friluftsliv i norske fjell, i hovudsak frå Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen. Han har m.a. vore breinstruktør i Den Norske Turistforeininga og breførar på Nigardsbreen i Jostedalen.
Kjærvik har skrive ei rekkje artiklar om friluftsliv i tidsskrift og aviser, og han har redigert fleire bøker.
Kåre Øvregard (f. 1933) er frå Luster kommune. Han er utdanna ved Stord lærarskule og har arbeidd som lærar og rektor. Han har også vore politisk aktiv, både lokalt og sentralt. Øvregard har vore varaordførar, ordførar og medlem av formannskapet. Frå 1977 til 1989 sat han på Stortinget. Etter det var han rådmann i Luster fram til 1994.
Ingvill Henmo (f. 1963) er kunstskribent og biletkunstnar. Ho var elev ved Vestlandets kunstakademi til 1989 og tok litteraturvitskap hovudfag i 1997. Henmo har tidlegare vore kunstkritikar i Klassekampen, Morgenbladet og Dagsavisen og er no redaktør for bladet Billedkunst.
Gunnar Danbolt (f. 1940) er professor i europeisk kunsthistorie ved Universitetet i Bergen.
Astrid Myklebust (f. 1934) er tekstilkunstnar frå Stardalen i Jølster. Ho har utdanning frå Bergen Kunsthåndverkskole, Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, Oslo og Statens lærerskole i forming, Notodden.
Frank Dehli (f. 1935) har blant anna jobba som sjømann, idrettsoffiser i Forsvaret og matematikar. Tidleg på 60-talet gjorde han eit sprang over i journalistikken – først i avisredaksjonar og seinare som kjent programleiar i norsk fjernsyn.
Eva Ramstad (f. 1944) er adjunkt og har mellom anna vidareutdanning i forming. Ho har budd på Kaupanger sidan 1971, arbeider i skulen og har vore aktiv i lokalpolitikken. Som leiar av Sogn og Fjordane Husflidslag var ho med på å få i gang ei registrering av åkle i Sogn og Fjordane. Ho har i arbeidet med denne boka hatt eit nært
samarbeid med Bjørg T. Kaarstad frå Stårheim som også var med på registreringsarbeidet.
Helge Henriksen (f. 1949) er cand.real i berggrunnsgeologi frå Universitetet i Bergen. Han er førsteamanuensis i geologi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og arbeider med berggrunnsgeologi og hydrogeologi. I tillegg til å publisere vitskaplege og populærvitskaplege artiklar har han også arbeidd med kartlegging av berggrunnen på Finnmarksvidda og i området mellom Sogn og Hardanger.
Stella East (f. 1955) er opphavleg frå Canada, men har budd i Noreg i mange år. Ho er utdanna illustratør frå både USA, Storbritannia og Noreg og har illustrert ei rekke bøker.
Idun A. Husabø (f. 1980) er tilsett ved Vestlandsforsking i Sogndal. Ho har omsett fleire bøker for Skald og var ein periode tilsett i forlaget. I 2003 fekk ho Språkprisen til NRK Sogn og Fjordane. Husabø har vore forfattar på bøkene Balestrand (2011) og Kjartan Slettemark - kunsten å falle (2009).
Kurt Hörtenhuber er fødd og oppvaksen i Ried i Østerrike. Han er utdanna trykkar, reprofotograf og grafikar. Han byrja tidleg å skrive og jobbar no som dagleg leiar i reklamebyrået Innpuls.
Lars Elton (f. 1957) er kunst- og arkitekturkritikar, frilansjournalist og redaktør. Han er fast kunstmeldar i VG, redaktør for NIL’s årbok: Rom og møbler (NIL – Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsfore-
ning), og redaktør for og skribent i diverse publikasjonar.
Tor Yttri (f. 1965) er fødd og oppvaksen i Sogndal. Til dagleg arbeider han som journalist og fotograf i Sogn Avis. Han er mellom anna kjend for natur- og turreportasjane sine.
Liv Rege Engan (f. 1946) kjem frå Kvinesdal i Vest-Agder og er utdanna fysiokjemikar/ bioingeniør. Ho gifta seg med ein sogning og flytta til Vik i 1971. Sidan 1972 har ho vore tilsett ved Vik folkebibliotek.
Heinz Janisch (f. 1960) er ein av dei mest påskjøna barnebokforfattarane i Austerrike. Han har også utmerka seg internasjonalt med dei lyriske tekstane sine. Fleire av bøkene hans har vunne prisar.
Stig Holmås (f. 1946) er skjønnlitterær forfattar. I fleire av bøkene sine har han skildra Bergen og innbyggjarane der.
Oddvar Soldal (f. 1949) er frilansjournalist og forfattar. Han er busett i Øystese i Hardanger.
Grete Letting (f. 1946) er fødd i Oslo. Ho har bakgrunn som lærar i grunnskulen og har arbeidd som forlagsredaktør og fagbokforfattar i mange år.
Reidar Solberg (f.1942) er fødd på Ornes i Sogn og
har samfunnsvitskapleg utdanning frå Universitetet i Oslo. Som ung fekk han interesse for stavkyrkjene og stavkyrkjehistoria, etter å ha fått vere med på Håkon Christie si utgraving i Orneskyrkja i 1957.
Berre med ein ryggsekk over skuldrene gav
Björn Klauer (50) seg i veg frå Hamburg til
Noreg for 25 år sidan. Under den tolv månader lange vandringa frå Oslo til Kirkenes vart han oppslukt og fascinert av det vakre landskapet. Etter 3 500 km, der huskyen Keito – som
stammar fra Grønland – følgde han i vintermånadene, var avgjerdsla teken.
Han ville utvandre til Noreg. Han slo seg ned nord for polarsirkelen i den vetle fjellbygda Innset. Der bur han no med kona si og 50 sledehundar på ein avsidesliggjande gard. I 20 år har han tilbydt utfordrande hundesledeturar og ekspedisjonar til interesserte.
Brit Bildøen (f. 1962) arbeider som forfattar, gjendiktar, oversettar, forlagskonsulent og litteraturkritikar og er busett i Oslo. Bildøen debuterte litterært i 1991 og har motteke fleire prisar.
Foto: Lars Eivind Bones
Henning Rivedal (f. 1944) er fødd i den delen av Fjaler kommune som no høyrer til Askvoll. Frå 1971 til 1983 jobba han i NRK. Han har mellom anna vore kultursjef i Naustdal, skodespelar ved Sogn og Fjordane teater, frilans innan media og også nytta innan tiltaksarbeid og prosjekt. Han jobba no som informasjonssjef i Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.Han er også kjend frå NRK sitt tidlegare barneprogram «Leikestove».
Ragnar Hovland (f. 1952) er busett i Oslo og jobbar som forfattar, dramatikar, omsetjar og konsulent. Han er utdanna cand. philol. med engelsk, fransk og litteratur frå Universitetet i Bergen. Hovland debuterte som forfattar i 1979 og skriv på nynorsk for både vaksne og barn.
Tove Bakke (f. 1954) er fødd og oppvaksen i Sande i Sunnfjord og bur no i Oslo. Ho er utdanna cand. mag. frå Universitetet i Oslo i faga fransk, spansk og litteraturvitskap. Ho jobbar som omsetjar og har vore tilsett som saksbehandlar i Norsk kulturråd sidan 1989. Bakke har blant anna omsett Astrid Lindgren, Daniel Pennac og Federico García Lorca. Ho debuterer som barnebokforfattar med «Godnattboka».
Turid Måseide (f. 1969) har i oppveksten budd ulike stader på Vestlandet og er no busett i Leikanger i Sogn. Ho er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen og jobbar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. I fritida har ho blant anna jobba som språkkonsulent. I 2005 debuterte Måseide som omsetjar med barneboka «Alberta og kjærleiken». Med «Godnattboka» (2007) debuterte ho som barnebokforfattar og følgjer opp med sitt bidrag til «Eventyrboka» (2009).
Terje Hellesen (f. 1973) er forfattar og utdanna cand. philol. frå Universitetet i Bergen. Han debuterte som forfattar i 2005. For Skald har han bidrege med forteljingar til Godnattboka (2007), Eventyrboka (2009) og Trøysteboka (2011).
Karl Seglem (f. 1961) er musikar, komponist og plateprodusent busett i Oslo. Sidan debuten i 1988 har han som soloartist og med eigne grupper gitt ut tjueseks album (2009. Han har tidlegare arbeida musikalsk med tekstane til m.a. Kjartan Fløgstad og Jon Fosse. Seglem debuterte som barnebokforfattar med «Godnattboka», og som poet med samlinga "Stilla er ein åker" (2006).For Skald har han i tillegg bidrege med forteljingar til Eventyrboka (2009) og Trøysteboka (2011).
Eirik Helleve (f. 1965) er frå Voss og bur no i Volda der han jobbar som dokumenstasjonsleiar på Nynorsk kultursentrum. Han er utdanna etnolog frå Universitetet i Bergen. Helleve debuterer som barnebokforfattar med «Godnattboka».
Finn Øglænd (f. 1957 i Stavanger) er forfattar, lyrikar, omsetjar og litteraturkritikar. Han er utdanna ved forfattarstudiet i Bø og har arbeidd ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Sidan debuten i 1963 har han hatt ein omfattande litterær produksjon innanfor ulike sjangrar.
Erna Osland (f. 1951) er opprinneleg frå Høyanger og er no busett i Masfjorden. I 1987 debuterte Osland som forfattar og har sidan det skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Kyss ein bokstav er fyrste boka på Skald, i tillegg har ho skrive forteljingar til Godnattboka (2007), Eventyrboka 2009) og Trøysteboka (2011).
Björk Bjarkadottir (f. 1971) er opprinneleg frå Island og bur no i Oslo. Ho er utdanna i grafisk design, illustrasjon og fotografi frå ESAG (Ecole superieure de Art Grafique) i Paris. Dei siste åra har ho jobba som barnebokforfattar, illustratør og designar.
Frode Grytten (f. 1960) er opprinneleg frå Odda og bur no i Bergen. Han var tidlegare journalist i BT og er i dag forfattar på heiltid.
Foto: Hans Jørgen Brun
Finn Egil Eide (f. 1940) er biletkunstnar, fødd i Sandnes - no busett på Nordfjordeid. Han har utdanning frå Universiteta i Bergen og Trondheim, og Stord lærarhøgskule.
Kai Martin Brekke (f. 1958) er utdanna lærar og arbeider som journalist i Sogn Avis. I debutkrimmen «Nattergal» har han lagt handlinga til heimebygda Flåm.
Johs. B. Thue (f. 1940) er frå Balestrand. Han er cand. philol. med historie hovudfag og arbeider no som frilansjournalist og forfattar. Han har tidlegare m.a. vore stipendiat ved Bergens Sjøfartsmuseum, førsteamanuensis ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule og redaktør i Sogn Dagblad.
Inger Handegård vart fødd på Voss i 1958, men er no busett i Gaupne. Ho er utdanna landskapsarkitekt og er ein ivrig hobbyfotograf og skribent. Handegård har gitt ut to bøker samt oversett og vore medforfattar for ei rekkje bøker om hage og hagestell. Ho driv også med hundeoppdrett under kennelnamnet Desperado og har difor skrive mange fagartiklar og fleire bokprosjekt om hundar.
Gaute Losnegård (f. 1970) har allmennlærarutdanning og er cand.philol. med historie hovudfag. Han er no bygdebokforfattar og har skrive fleire bøker med lokalhistoriske emne.
Ole Johan Grønskag (1972–2004) var frå Kalvåg i Sogn og Fjordane. Han kalte seg sjølv for ein tenkande urkristen anarkist som skriv om krenka og ukrenka tid. Grønskag var utdanna møbeldesignar og interiørarkitekt ved Kunst- og Handverksskulen i Bergen. Den første og einaste boka hans "(filantropicana)" vart innkjøpt av Norsk kulturråd i 2004.
Knut Helle (f. 1930) har i ein mannsalder vore professor i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen. Han har vore hovudredaktør for "Aschehougs Verdenshistorie" og "Aschehougs Norgeshistorie" og skreiv eit band om høgmellomalderen i begge desse seriane.
Elles har han m.a. skrive bøkene "Norge blir en stat", "Konge og gode menn i norsk riksstyring", "Kongssete og kjøpstad" og "Bergen bys historie", bd. 1.
Jon Farestveit (f. 1940) kom til Sogndal i 1967 og har mesteparten av tida undervist på lærarhøgskulen og seinare Høgskulen i Sogn og Fjordane i faga historie og geografi.
Terje Holtet Larsen (f. 1963) er forfattar og litteraturkritikar. Han har gitt ut romanar på Cappelen, Oktober og Kolon forlag.
Karl Friedrich Kurz (1878–1962) vart fødd i Tyskland vaks opp i Sveits, men flytte tidleg til Noreg. Kurz budde både i Solund og Vadheim, men det var i Vårdal ved Dalsfjorden han bygde hus og budde med familien sin frå 1924 til 1950. Han døydde på Sotra i 1962.
Svein Lundevall (f. 1944) har hovudfag i statsvitskap og mellomfag i historie og sosialøkonomi. Han var fylkesrådmann i Sogn og Fjordane i 20 år. Han var i desse åra ei drivande kraft i å utvikla - og seinare reformera - den nyskipnaden som fylkeskommunen var.
Terje Eggum (f. 1952) er journalist og forfattar frå Leikanger. Han har mange år bak seg som politisk journalist i hovudstaden, radioreporter i NRK Sogn og Fjordane og som regional avisjournalist.
Hans Martin Underdal (1956–2005) vaks opp i Øvre Årdal. Han arbeidde m.a. mange år i reiselivsbransjen og som journalist i Allers. Han var forfattar av bøkene Tradisjon og atmosfære – en reise til norske trehoteller (1996) og En reise i Norge – særpregede overnattingssteder i Sør-Norge (2001).
Hans H. Thyri (f. 1936) er fødd og oppvaksen på ein gard i Lærdal. I barneåra var han gjetslegut og medhjelpar på stølen saman med familien sin. Han har også lært fjellet å kjenna gjennom arbeid og friluftsliv i vaksen alder. Thyri har vore førsteamanuensis ved NLH, rektor ved Lien landbruksskule og ved Buskerud Vidaregående skole. Han har tidlegare skrive bok om Sogn Jord- og Hagebruksskule.
Øystein Eide (f. 1965) arbeider i hotellbransjen på Gran Canaria. Han er oppvaksen i Bergen og har utdanning frå Handelshøgskolen i Bergen. I nesten 20 år har han jobba i hotellbransjen og budd i Portugal, USA, Tyskland og Spania. Størsteparten av denne tida har han vore på Kanariøyane, både på Tenerife, Lanzarote og Gran Canaria.
Botolv Hov (f. 1922) er bonde på Styvi. Han og kona, Kjellaug, overtok i 1982 garden som har vore i slekta sidan 1600-talet.
Isabel Abedi (f. 1967) har i mange år jobba som skribent i reklamebransjen. Ho byrja å skrive barnebøker om kveldane og har lenge drøymd om å etablere seg som barnebokforfattar. I dag bur ho med familien sin i Hamburg i Tyskland og jobbar stort sett som forfattar.
Fylkesarkivet er ein fylkeskommunal institusjon skipa i 1983. Arkivet held til i Fylkeshuset på Leikanger, men fotoavdelinga er på Sandane.
Fylkesarkivet er ein viktig del av det samla kulturvernarbeidet i Sogn og Fjordane og har eit tett samarbeid med museum og bibliotek. Det vernar, registrerer og formidlar til brukarane viktige kjelder om Sogn og Fjordane.
Marjaleena Lembcke, fødd i 1945 i Finland, er utdanna skulptør og teatervitar. Sidan 1967 har ho og familien hennar budd i Westfalen i Tyskland. Lembcke skriv både lyrikk, noveller og barne- og ungdomsbøker.
Vidar R. Myklebust (f. 1963) har arbeidd som journalist i Budstikka sidan 1997 og har tidlegare vore tilsett som kulturjournalist i Nationen og i Arbeiderbladet.
Anne-Karine Strøm er fødd og busett i Oslo. Ho er cand. philol. med hovudfag i musikkvitskap frå Universitet i Oslo og har bakgrunn frå musikkbransjen som artist og songar. Sidan 1990 har ho arbeidd som journalist.
Ingunn Elida Wiken (f. 1964) er utdanna art director frå Westerdals Reklameskole Oslo og har vore medlem av Tegnerforbundet og NBK sidan 1999. Ho har jobba frilans med reklame, illustrasjon og design sidan 2000, etter 10 år i reklamebransjen i Oslo, stort sett i Bates Reklamebyrå. Ho er no busett i Hemsedal og debuterte i 2008 også som barnebokforfattar.
Inge Aarseth (f. 1940) er cand. real. i kvartærgeologi frå Universitetet i Bergen (1971). Han er førsteamanuensis i marin geologi ved Institutt for geovitenskap, UiB og har særleg publisert artiklar om geologien i Vestlandsfjordane og det vestnorske landskapet.
Adelheid Dahimène (f.1956) arbeider som frilansforfattar i Wels i Austerrike. Ho skriv bøker for born, ungdom og vaksne. I 2002 fekk ho Staatspreis für das schönste Kinderbuch Österreichs for boka «Esel».
Heidi Marie Vestrheim (f. 1977) er no busett i Bergen. Ho er kjend som sangerinne og låtforfattar og har vore med i bandet «Atakama» før ho starta solo i 2004. Ho er også synleg i teaterscenen i Bergen og som programleiar i BTV.
Anne Mette Hjelle (f. 1963) er oppvaksen på Breim og jobbar i dag som mediekonsulent i Førde. Ho har arbeidd som journalist i både BT og Firda Tidend. Frå 1992 til 2006 var ho tilsett i NRK Sogn og Fjordane. Hjelle debuterer som barnebokforfattar med «Godnattboka».
Odd Njøs (f. 1931) er frå Leikanger. Han har mange år bak seg i skulestova og er elles kjend som ein allsidig kulturarbeidar. I 2000 vart han heidra med Kongens Fortenestemedalje i Sølv for dette. Han har vore organist og kordirigent gjennom ei årrekkje og vore aktiv i revymiljøet til Leikanger mannskor. Frå 1984 har han vore mykje nytta som fredagskåsør i lokalradioen. Han er også mykje brukt som kåsør og underhaldar i andre samanhengar. Alle bøkene hans er utgjevne av SKALD. Med "Godnattboka – nynorske forteljingar" (2007) debuterte Njøs som barnebokforfattar.
Bergljot Engeset (f. 1941) er opprinneleg frå Stranda på Sunnmøre og bur no i Oslo. Ho er blant anna kjend frå NRK sitt barneprogram «Leikestove». Engeset er utdanna frå Statens Teaterskole og Norsk Journalisthøgskole og har jobba som skodespelar, programsekretær i ulike NRK-avdelingar, journalist, redaktør og forfattar.
Trond Morten Kristensen (f. 1971) er frå Vestby i Akershus og er no busett på Lillehammer der han jobba som manusforfattar for film, tv og teater. Han er utdanna manusforfattar frå Den Norske Filmskolen der han har studert filmvitskap og drama/teater. Han har blant anna skrive manus til animasjonsserien Hubert som er sendt på NRK barne-tv. Kristensen debuterte som barnebokforfattar med «Godnattboka».
Norvald Tveit (f. 1927) er frå Leirvik i Sogn. Han er utdanna lærar men har frå tidleg i 1970-åra vore skribent på heiltid. Best kjend er han nok frå komediar som Splint og Ungkarsfesten, men han har og skrive tv-seriar, kriminalromanar, barnebøker, matbøker og biografiar.
Norvald Tveit fekk tildelt fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane i 2003.
George Saunders (f. 1958) har i USA bygd seg opp eit namn som nyskapande forfattar. Han har bakgrunn som geofysisk ingeniør, dørmann, songar og taktekkar. Han skriv jamnleg for The New Yorker og underviser i skrivekunst på Syracuse University.
Karen Weichert (f. 1972) er cand. scient. med geografi som hovudfag. Ho har tidlegare jobba som fagansvarleg ved Norsk Bremuseum i Fjærland og er no sjølvstendig næringsdrivande. Ho har skrive fleire populærvitskaplege publikasjonar om ulike tema.
Olaf Husby (f. 1951) er nordlending, men han har budd i Trondheim i mange år. Han er lærar og språkforskar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Han har arbeidd mykje med norsk for utlendingar og har skrive ei rekkje bøker om dette.
Sylfest Lomheim (f. 1945) er frå Hafslo i Sogn og er
direktør i Språkrådet. Før det var han professor i norsk og omsetjingsfag ved Universitetet i Agder. Han har vore språkkonsulent for nynorsk i NRK og er fast medarbeidar i NRK sitt språkprogram Språkteigen.
Øystein A. Vangsnes (f. 1968) er frå Leikanger i
Sogn og er lingvist med doktorgrad frå Universitetet
i Bergen. Han arbeider no ved Universitetet i Tromsø
der han koordinerer eit større nordisk samarbeid om
kartleggjing av grammatikken i dialektane i det nordiske språkområdet.
Frode Aga (f. 1977) er fødd og oppvaksen i Årdal.
Aga er utdanna journalist frå Høgskulen i Oslo, og
har også studert historie ved Universitetet i Oslo. Han har bakgrunn som journalist frå fleire aviser i Sogn og Fjordane og har også arbeidd som frilansjournalist i hovudstaden i perioden mellom 2003 og 2008. I dag arbeider Aga i PR-byrået PR-operatørene.
Nils Torbjørn Kvamsdal (f. 1956) hoppa av læraryrket i 1988 og har sidan vore journalist og desksjef i avisa Hordaland. Han har tidlegare gjeve ut og vore redaktør for bøker med utgangspunkt i Voss – mellom desse er «Fem år i krig», «Fred og atterreising» og «Yrke skal båten bera».
Arve Sandal (f. 1948) er kommunikasjonssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane og har dei siste åra tatt pulsen på fylket i årlege konjunkturbarometer. Han har medieutdanning frå Høgskulen i Volda og var journalist og vaktsjef i Sunnmørsposten i ni år. I Ålesund skreiv han også ei barnebok og ei bok om Sunnmøre. Fylkeskjendis vart han som journalist og redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane i til saman 15 år. Arve Sandal har laga mange TV-program, mellom anna «Ut i naturen», og film om villaksen.
Kristian Finborud (f. 1964) kommer fra Porsgrunn,
men er bosatt på Voss, der han jobber fulltid som
kunstner. Han har siden 1988 hatt ca. 20 separatutstillinger og deltatt på en rekke kollektivutstillinger. Han har tidligere illustrert barneboken "Eg øver meg, eg øver meg" av Helga Gunerius Eriksen.
Olav Åm (1918-2009) var opprinneleg frå Vats i Rogaland. Han var lærar i Hægebostad, Årdal, Oppdal og Ørsta. I 1963 busette han seg i Leikanger og var skuledirektør i Sogn og Fjordane fram til han vart pensjonist.
Theis Braanaas (1927-2009) - cand. real. i botanikk frå Universitetet i Oslo - var knytta til høgskulane i Hamar, Bodø og Bergen. Braanaas var forfattar og medforfattar av fleire bøker med naturfagleg og økologisk emne, og han skreiv mange vitskaplege og populærvitskaplege artiklar.
Stig Holmås (f. 1946) har utgjeve barne- og ungdomsbøker, diktsamlingar, novellesamlingar og romanar. Han har vunne fleire prisar. "Bergen" er fyrste boka for Skald.
Tove Jensen Holmås (f. 1951) er arkivar ved Teaterarkivet, Universitetet i Bergen. "Bergen" er fyrste boka hennar for Skald.
Annette Huber (f. 1968) arbeider som frilansforfattar, lektor og gartnar i Hamburg. Dette er fyrste barneboka hennar.
Sylfest Lomheim (f. 1945) er frå Hafslo i Sogn og bur no i Oslo. Han er utdanna som filolog ved Universitetet i Oslo. Sidan 2004 har han vore direktør i Språkrådet. Lomheim debuterer som barnebokforfattar med «Godnattboka».
Anna Jorunn Avdem (f. 1952) er museumslektor på De
Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Ho har
hovudfag i historie frå Universitetet i Oslo, med nordisk
og sosialantropologi som støttefag. Ho har arbeidd
som forskingsstipendiat og har vore lærar i fleire år.
Aage Engesæter (f. 1951) er historikarog har sidan
1995 vore direktør ved De Heibergske Samlinger –
Sogn Folkemuseum. Han har vore tilsett ved Sogn og
Fjordane distriktshøgskule 1977–1994 og har arbeidd
mykje med lokalhistorie frå Sogn og Fjordane.
Olav Stedje (f. 1953) er frå Sogndal og slo gjennom med Vi vandrar saman i 1981. Sidan den tid har han gitt ut 11 album og spelt landet rundt.
Laura Djupvik (f. 1970) er journalist og forfattar. Ho debuterte i 2004 med romanen Båten er så liten og blei tildelt Guro Sandsdal Litteraturpris for 2008 for barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin. For Skald har ho bidrege med forteljingar til Eventyrboka (2009) og Trøysteboka (2011).
Bente Bratlund (f.1952) er norsk forfattar. Ho gav ut si fyrste diktsamling i 1977, då under namnet Bente Bratlund Meland. Ho har skrive 21 barne- og ungdomsbøker, 5 romanar, 16 diktsamlingar samt nokre ekstra bøker som ikkje passar inn i båsar.For Skald har ho bidrege med forteljingar til Eventyrboka (2009) og Trøysteboka (2011).
Roald Kaldestad (f.1972)er i tillegg til å vera forfattar også musikar som gjennom åra har jobba med m.a Odd Nordstoga, Magnet, William Hut og Storm Weather Shanty Choir. Han har hovudfag i kunsthistorie på ei oppgåve om David Bowie og debuterte som forfattar i 2000 med Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip, som også har vore framført i ein herleg sceneversjon ved fleire høve, bl.a under Bergenfest 2008. For Skald har han bidrege med forteljingar til Eventyrboka (2009) og Trøysteboka (2011).
Stein Erik Lunde (f. 1953) er lærar og forfattar og har utgitt tolv bøker sidan debuten i 1982, dei fleste for barn og ungdom. Han har vunne ei rekkje prisar for bøkene sine, m.a. Brageprisen i 1998 for boka Eggg og sist i 2008 Kirke- og undervisningsdepartementets billedbokpris for Eg kan ikkje sove no.
Marita Liabø (f. 1971) er forfattar frå Førde. Ho debuterte i 1999 med romanen Tempus Fugit, er utdanna cand.philol. og arbeider som lærar. For Skald har ho bidrege med forteljingar til Eventyrboka (2009) og Trøysteboka (2011).
Jon Hjørnevik (f. 1970)er tekstforfattar og poet. Han er utdanna statsvitar, noko han av og til skriv om i dei populære diktbøkene sine, I ein sofa frå Korea, Den vansklege andreboka og Shortsen til far min. Dette er hans debut som barnebokforfattar.
Jon Henriksen (f. 1954) er fødd og oppvaksen i Sarpsborg. Han har arbeida som journalist og redaktør i Sarpsborg Arbeiderblad i 25 år, og etablerte eiga avis i Sarpsborg i 1999. Frå 2004 har han drive DP reklamebyrå, der redaksjonelt innhald til aviser og magasin samt design er berebjelkane i verksemda. Henriksen har dei seinare åra reist mykje rundt på Costa Blanca.
Titus Kodzoman (f. 1965) er frå England, men har vore busett i Noreg dei siste åra. Han byrja å skriva ganske tilfeldig, som han sjølv seier - han debuterte med boka "Kenguruen Rufus" i 2005 og "Torbjørn Isbjørn" er andre boka hans.
Ingelin Røssland (f.1976) er forfatter og journalist frå Tysnes i Sunnhordland. Ho debuterte med ungdomsboka Viss du vil i 1998 og har sidan gitt ut ei rekkje bøker og vunne prisar som 2006 (for boka Handgranateple), UPrisen 2007 (for boka Handgranateple), Sigmund Skard-stipendet 2007 og Guro Sandsdalens litteraturpris for 2007 og Ibby Honour List 2008. For Skald har ho har bidrege med forteljingar til Eventyrboka (2009) og Trøysteboka (2011).
Arne Inge Sæbø, f. 1950, er frå Vik i Sogn. Han er cand philol med norsk hovudfag og arbeider som lektor ved Flatbygdi skule i Vik. Han har tidlegare undervist ved Voss gymnas og Vik vidaregåande skule. Sæbø har vore redaktør av bygdebladet «Pridlao» sidan 1984 og har skrive fleire bøker med lokalhistorisk innhald, bl.a. «Handel i Vik», «Skulesoge for Vik» og «Hopstock hotell – frå gjestgivarstad til hotell».
Rébecca Dautremer (f. 1971)er frå Gap i Frankrike og utdanna frå L’Ecole nationale superieure des arts decoratifs (ENSAD) i Paris.
Oddvar Natvik(f.1945) er cand. philol. Aktiv målreisingmann, m.a. som leiar av studentmållaget i Oslo 1971 og generalsekretær i Kringastingsringen 1975-1981. Arbeidde deretter med oppbygging av forlagsverksemd i Bondeungdomslaget. Frå 1991 tilsett ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, med ansvar for m.a. oppbygging av utvandrararkivet, Fjord-Info og Kulturnett Sogn og Fjordane (Informasjon henta frå Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane).
Steinar Lægreid (f. 1945) er frå Årdalstangen. Lægreid har vore leiar i Sogn Mållag, og var leiar i Noregs Mållag 1971-1973. Journalist i Nynorsk Pressekontor og redaktør der i 1985. Frå 1977 har Steinar Lægreid vore kultursjef i Årdal. Tillitsverv i Norsk Kulturforum og Norsk Kommuneforbund (informasjonen er henta frå Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane).
Olav Sørum (f. 1945) er landbruksrådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane. Han er hagebrukskandidat og dr.scient. frå Landbrukshøgskolen på Ås med hovudoppgåve ”Teger som årsak til knartbær i jordbær”.
Kjersti Mjør er frå Kvanndal i Hardanger og arbeidar som journalist i Bergens Tidende. Ho vart tildelt NTB sin språkpris i 2008. Ho har vore medredaktør for Norsk kulturårbok (Det norske Samlaget). Dette er hennar fyrste bok som forfattar.
Arve Uglum (f. 1975) er frå Kaupanger i Sogn og har tidlegare arbeidd som journalist i lokalavis. Sidan 1999 har han jobba med nyhenede og feature i NRK Sogn og Fjordane, både for fjernsyn, radio og nett. I periodar har han også arbeidd for NRK Sport.
Liv Helene Willumsen (f. 1948) er tilknytt Universitetet i Tromsø der ho er førsteamenuensis på Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning. Ho har doktorgrad frå University of Edinburgh. Willumsen har gitt ut fagbøker tidligare på andre forlag. ”Trolldomsprosessene i Finnmark” er hennar fyrste bok på Skald forlag.
Kunstnar, illustratør, barnebokforfattar og grafisk designar frå Island. For boka "Gott kvöld" vann ho pris for beste barnebok på Island i 2005.
Rakel Helmsdal har skrive både barnebøker, skodespel og noveller. Ho er busett på Færøyane.
Marit Bendz (f. 1959) er frilansjournalist og trønder, busett i Førde. Har mellom anna vore bonde, fiskar, NRK-reportar og redaktør for Gennytt. Har tidlegare gjeve ut biografien "Fjording på farten" om Jon Hegdal og "Kulturminner som varer" for Riksantikvaren.
Heidi Hattestein (f. 1976) er frilansfotograf og -skribent. Voks opp på Hattesteinen på Atløy og har heile verda som arbeidsplass. Har tidlegare gitt ut den alternative reiseboka om Sør-Amerika "Til høgre for Machu Picchu" og den illustrerte eventyrboka "Jorunn i Alden".
Kjerstin Risnes (f. 1954) har lærar- og vidare-utdanning frå Høgskulen i Sogn ogFjordane og mastergrad i historie frå Universitetet i Bergen. Ho har variert yrkesbakgrunn, mellom anna frå Kriminalomsorg i Fridom, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og sitt eige føretak Nynorsk profil. Ho er engasjert i lokalhistorisk arbeid og har mellom anna skrive Sogndal Musikklag si jubileumsbok saman med Henning Rivedal.
Solfrid Sivertsen (f. 1947) debuterte i 1986 med novellesamlinga Porselensfiguren. I tillegg til dikt og noveller har ho skrive to romanar og to bøker for barn. I 1995 fekk Solfrid Sivertsen Nynorsk litteraturpris for romanen Grøn koffert. Sivertsen er busett på Moster, og arbeider som bibliotekar der. (Informasjon er henta frå Det norske Samlaget sine heimesider.)For Skald har ho har bidrege med forteljingar til Eventyrboka (2009) og Trøysteboka (2011).
Solveig Aareskjold (f.1949)er forfattar busett i Sandes. Ho debuterte med romanen Det indre tempel i 1987 og har sidan gitt ut 10 bøker. For Skald har ho har bidrege med forteljingar til Eventyrboka (2009) og Trøysteboka (2011).
Knut Johannes Bry (f.1946 i Hallingdal) er ein norsk fotograf, særleg kjend som reklame- og motefotograf. Han har vunne fleire prisar, blant anna «The American Photographer» i kategorien mote i 1986, årets fotograf i Noreg frå Kreativt Forum i 1989 og fotografiprisen frå Norges Fotografforbund i 1994 (kjelde: Wikipedia). Balestrand er den fyrste boka han gir ut på Skald.
Einar Økland (f. 1940) er psykolog, essayist, lyrikar, dramatikar, forfattar og kritikar. Han debuterte som lyrikar i 1963 og har ein omfattande litterær produksjon innanfor ulike sjangrar. For Skald har han bidrege med forteljingar til Godnattboka (2007), Eventyrboka 2009) og Trøysteboka (2011).
Atle Hansen (f. 1954) er busett på Stord. Han har studert litteraturvitskap, teatervitskap og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Hansen jobbar både som forfattar, trubadur, tonesetjar og journalist. For Skald har han bidrege med forteljingar til Godnattboka (2007), Eventyrboka 2009) og Trøysteboka (2011).
Katrine Sele (f. 1972 i København) er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore og er no busett i Jølster i Sunnfjord. Ho har Bachelor of Arts frå Brown University, Rhode Island i USA med litteratur som hovudfelt og journalistutdanning frå Høyskolen i Oslo. Ho har jobba som journalist i avisa Firda sidan 1998, med kultur og reportasje som hovudfelt. For Skald har ho bidrege med forteljingar til Godnattboka (2007), Eventyrboka (2009) og Trøysteboka (2011), samt den prisvinnande boka Tvisynt tvilar om Oddvar Torsheim.
Helga Gunerius Eriksen (f. 1950) voks opp på Stord og er utdanna cand.mag. med faga keramikk og filosofi. Ho er busett i Bergen og jobbar som forfattar med fokus på barnebøker. Sidan debuten i 1986 har ho gitt ut over 20 titlar innanfor ulike sjangrar. For Skald har ho bidrege med forteljingar til Godnattboka (2007), Eventyrboka (2009) og Trøysteboka (2011).
Maria Parr (f. 1981)er oppvaksen på Fiskå i Vanylven, men bur for tida i Volda. Tidlegare har ho gjeve ut dei prisvinnande barnebøkene "Vaffelhjarte" og "Tonje Glimmerdal". For Skald har ho skrive ei av forteljingane i Trøysteboka (2011).
Lars Mæhle (f. 1971) er frå Sunndalsøra, men bur i dag i Oslo. Han debuterte i 2002 med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia, som òg er blitt filmatisert (Keeper'n til Liverpool, 2010). Han har skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom, mellom dei den prisbelønte fantasyromanen Landet under isen (2009). For Skald har han skrive ei av forteljingane i Trøysteboka (2011).
Tor Arve Røssland (f. 1971) busett på Halhjem utanfor Bergen. Har hovudfag i filmvitenskap frå Universitetet i Trondheim. Har gitt ut fleire barne- og ungdomsbøker i så ulike genrer som humor og skrekk. For Skald har han skrive ei av forteljingane i Trøysteboka (2011).
Rønnaug Kleiva (f.1951) bur i Oslo. Ho skriv poesi, prosa og dramatikk, og har gitt ut 23 bøker for barn, ungdom og vaksne. For Skald har ho skrive ei av forteljingane i Trøysteboka (2011).
Arnt Birkedal(f.1959) er fødd og bur i Stavanger. Han debuterte i 1983 med diktsamlinga "Balladen om hålet i dørå" og har sidan gitt ut ei lang rekke bøker for unge og vaksne. Birkedal har m. a. motteke Teskjekjerringprisen og Rasmus Løland-stipendet for bøkene sine. For Skald har han skrive ei av forteljingane i Trøysteboka (2011).
Stein Erik Lunde (f. 1953)er fødd og bur i Oslo. Han har skrive 16 bøker, både for born og vaksne, både skjønnlitteratur og sakprosa, samt ein del songlyrikk. For Skald har han skrive ei av forteljingane i Trøysteboka (2011).
Brit Bildøen (f.1962) er oppvaksen på Aukra. Ho har gitt ut eit rekkje romanar, m.a. Landfast lykke og Mitt milde vesen. Ho vann Samlagsprisen 2011. For Skald har Bildøen skrive ei av forteljingane i Trøysteboka (2011).
Nils R. Ringdal (f. 1939) er fødd i Oslo, men oppvaksen på Voss der far hans var lækjar. Han flytta attende til Oslo etter ferdig artium og studerte språk ved universitetet. I 1964 vart han tilsett i NRK og jobba der fram til han pensjonerte seg. Ringdal er kjend mellom anna frå «Sånn er livet» og «Verdt å vite» og har gitt ut fleire bøker. Vossaminne er den fyrste på Skald forlag.
Øyvind Birkeland har gått Vossafjella opp og ned og på langs sidan han var gutunge. Toppturar i Vossafjell er fyrste boka hans, her deler han gode erfaringar med alle som tenkjer seg til fjells – høgt til fjells!
Ole Johannes Øvretveit vil for de fleste være kjent fra TV2 og sin blogg på bt.no som Maraton-mannen, artist og underholder. Han har tidligere gitt ut humorbøkene Mat for ekte mannfolk og Vestlandsk verandafilosofi.