Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fylkesarkivet er ein fylkeskommunal institusjon skipa i 1983. Arkivet held til i Fylkeshuset på Leikanger, men fotoavdelinga er på Sandane.
Fylkesarkivet er ein viktig del av det samla kulturvernarbeidet i Sogn og Fjordane og har eit tett samarbeid med museum og bibliotek. Det vernar, registrerer og formidlar til brukarane viktige kjelder om Sogn og Fjordane.

Ingrid Hov Lunde

Ingrid Hov Lunde (f. 1953) er frå Eid på Nordmøre. Ho har vore innom andre bransjer, men har likevel arbeidd med selskapsmat i heile sitt vaksne liv. Ho tok fagbrev som kokk i 1997. Frå 1998 har ho dreve Røisheim Hotell & Skysstasjon saman med ektemannen Haavard Lunde.

Aslak Høyersten

Aslak Høyersten (f. 1974) var tilsett som marknadskonsulent frå oktober 2008 til juni 2010. Han kjem frå Bergen og er utdanna ved Kent Institute of Art and Design i England med bachelorgrad i Visual Communication Photomedia samt grunnfag teatervitskap frå UiB. Han gjekk over til jobben som dagleg leiar i VISP.


Last ned høgoppløyseleg bilete:
– Aslak Høyersten.

Camilla Bjørke

Camilla Bjørke (f. 1965) er cand. philol. med tysk hovudfag frå Universitetet i Bergen. Ho er tilsett som høgskulelektor i tysk språk ved Høgskolen i Østfold og held på med ei doktoravhandling i tysk fagdidaktikk. Ho har tidlegare vore lærar i musikkskulen og på vidaregåande skule.

Ludvig Eikaas

Ludvig Eikaas har vore ein sentral person i norsk kunstliv dei siste 50 åra - både som kunstnar og pedagog. Han var m.a. professor ved Statens kunstakademi i Oslo frå 1970 til -87. Der var han også rektor frå 1980 til -83. SKALD gav ut boka "Eikaas i 80..." til 80-årsdagen hans. Vi har og gitt ut "Slaget om Nasjonal - og andre historier fra professor Eikaas' absurde virkelighet" - fortalt og illustrert av Eikaas sjølv.