Ei reise i Sogn og Fjordane gir kjensle av lukke og rein luksus - bli med på ei reise frå Stad til Store Skagastølstind!
I boka møter du ekstremistar som slepper seg 1000 meter ned frå steile tindar, familiefolk som meskar seg med alt fjorden har å by på, for ikkje å snakke om menneske som synest breen er best i måneskin.
Innb. 24 x 26 cm, nynorsk, 192 sider
UTSELD!
ISBN 9788279591337 Les meir...
Tor er allereie temmeleg høg. Nesten ein heil meter! Han er likevel ikkje stor nok til å nå opp til kjeksboksen på kjøkenskåpet, slik som mamma.
Tor synest dei vaksne har det mykje lettare, men det har sine fordelar å vera liten også.
Innb, 17,8 x 28,1 cm, nynorsk, 40 sider
UTSELD!
ISBN 978-82-7959-134-4 Les meir...
Ei praktbok om bygda Voss sett gjennom fotograf Kjell Herheim sine bilete. Bileta fortel om nærare 60 år med folk og situasjonar – ei bok som vil gleda og mora mange!
Innb. 24 x 26 cm, nynorsk, s. 240.
UTSELD!
ISBN 9788279591290 Les meir...
Ingrid Hov Lunde, Espen Grønli
I bok nummer to fra Røisheim presenterer vertinnen Ingrid Hov Lunde en del av sine fantastiske retter. Røisheim er et hotell med tradisjonsrike, vernede bygninger og et kjøkken av ypperste klasse.
UTSELD!
Innb, 24 x 26 cm, bokmål og engelsk, 160 sider, appendiks med turforslag.
ISBN 9788279591276 Les meir...
Den første praktboka om Sogn. Boka er bygd opp rundt stader og stemningar som fotografen Leiv Bergum har festa til filmen.
UTSELD!
ISBN 978-82-7959-031-6 Les meir...
Dette er fortellingen om Oups som kommer fra Hjerteplaneten med to gaver til menneskene: Kjærlighet og Glede.
ISBN 978-82-7959-049-1 (bokmål)
ISBN 978-82-7959-047-7 (nynorsk)UTSELD
ISBN 978-82-7959-049-1 Les meir...
Bli med Norman Kjærvik til fjells i Breheimen og Jotunheimen – på eit streiftog gjennom noko av det beste i den norske fjellnaturen.
UTSELD!
ISBN 978-82-7959-030-7 Les meir...
"... berre praten gaor" er ei samling gode historier og slåande og saftige replikkar der sogningen får utfalda seg fritt. Desse er nedskrivne av Odd Njøs og illustrerte av Janne Nes. Salssuksess i 1996 - opplag 4.000
Innb, 17 x 19 cm, nynorsk, 120 sider
UTSELD!
ISBN 978-82-992915-3-8
Ingrid Hov Lunde, Espen Grønli
Ei kokebok der vertinna/kjøkkensjefen Ingrid Hov Lunde presenterer 21 tre-rettars menyar, supplert av ektemannen Haavard Lundes vinforslag.
UTSELD!
Sjå oppfølgjaren her: «Fru Ingrid på Røisheim»
ISBN 978-82-7959-046-0 Les meir...
Meir sognehumor frå Odd Njøs. Med denne oppfølgjaren var ordtaket komplett: De'kje nøye om du lyge litt... berre praten gaor.
UTSELD!
ISBN 978-82-992915-6-9 Les meir...
1. desember 2006 ville Jakob Sande fylt 100 år. Lydboka kjem ut i samarbeid med Jakob Sande Selskapet. Ho vart tidlegare gitt ut i kassettform og kjem no på CD. Boka inneheld 26 dikt lese av Jakob Sande sjølv. Arkivopptaket er frå NRK P2 sitt lydarkiv.
UTSELD!
ISBN 978-82-7959-093-4 Les meir...
Tor Yttri har gjennom mange år samla på naturopplevingar. Gjennom denne praktboka ynskjer han no å dela opplevingane med andre. Dei personlege og humoristiske turskildringane hans er prega av ei smittsam turglede, og det er vanskeleg å ikkje verta riven med. Han tek lesaren med på både fottur, skitur, padletur, klatretur, ridetur og tinderangling.
UTSELD!
ISBN 978-82-7959-087-3 Les meir...
Postnummer «5748 Styvi» er Noregs minste postkontor med berre to kundar.
UTSELD!
ISBN 987-82-7959-078-1 Les meir...
Rolf Losnegård, Oskar Andersen
Du blir i denne boka invitert med på ei reise i bilete og ord gjennom Sunnfjord frå sør til nord, frå hav til isbre, gjennom skiftande vertilhøve og årstider.
UTSELD!
Innb, 24 x 26 cm, nynorsk, 136 sider
ISBN 978-82-7959-023-1 Les meir...
UTSELD FRÅ FORLAGET. Boka inneheld omtaler - med foto og kart - av interessante fotturruter i Sogndal, Luster, Fjærland og Årdal. Her finn ein historiske og geografiske opplysningar om dei einskilde turvegane som skulle vere av interesse både for lokale turgåarar, turistar og i skulesamanheng. Tekst på norsk og engelsk.
Innb, 14, 5 x 22 cm, nynorsk/engelsk, 62 sider
UTSELD!
ISBN 978-82-992915-7-6
Her tek Johs. B. Thue oss med på ei reise - ”den ultimate båtreisa” - med ekspressbåten frå Bergen og heim til Sogn.
UTSELD!
Boka har i 2007 komme i revidert utgåve med tittelen FJORDREISA.
ISBN 978-82-7959-036-1 Les meir...
Etter ein lang vinter vaknar Alberta og høyrer mamma Markmus fortelja om kjærleiken som kan få hjartet til å stupa kråke.
UTSELD!
ISBN 978-82-7959-062-0 Les meir...
Boka tek for seg Gulatinget frå Harald Hårfagres dagar og fram til omkring 1300. Då vart tinget flytt frå Gulen til Bergen.
UTSELD!
ISBN 978-82-7959-022-4 Les meir...
I Cocktail gir Eli Kari Gjengedal sine beste tips for å få til eit vellykka selskap. Boka inneheld oppskrifter på 44 drinkar – med og utan alkohol. Eli Kari krydrar det heile med selsomme historier frå sine nesten 20 år i utelivsbransjen.
Innb, 21x22,6 cm, nynorsk, 132 sider
UTSELD!
ISBN 978-82-7959-050-7 Les meir...
Oddleiv Apneseth, Katrine Sele
Boka som fekk gull i open klasse i kåringa av "Årets vakreste bøker 2002", og terningkast 6 i BA.
Boka handlar om kunstnaren Oddvar Torsheim, ein person med sitt heilt eige utsyn på livet. Om verda slik ho ser ut frå Halbrendslia ovanfor Førde. Om kvasse linjer, særeigne tonar og besynderlege tankesprang. Og ikkje minst - om livsglede.
Innb, 24 x 26 cm, nynorsk, 144 sider
UTSELD!
ISBN 978-82-7959-025-5
Eit reisehefte for sørsida av Lustrafjorden. Reisa går frå Skjolden gjennom Sørheim, Feigum, Kroken, Ornes til Kinsedalen, og endar opp i Solvorn på andre sida av fjorden. Forfattaren tek oss også med på ei reise gjennom 1600 års kulturhistorie og norgeshistorie.
Heftet er på 36 sider og er rikt illustrert.
UTSELD!
ISBN 978-82-7959-024-2
Dagbladfotograf Oddmund Lunde skildrar her kultur og natur i villreinfjella i kommunane Aurland, Lærdal, Hol, Ål og Hemsedal.
Boka er i stort format med ca. 150 praktbilete.
Innb, 23,5 x 27,5 cm, bokmål, 154 sider
UTSELD
ISBN 978-82-7959-035-4 Les meir...
– Stryn har vore eit eventyr for meg, skriv forfattar og fotograf Thomas Heisig i forordet til boka BERGTATT STRYN. Han har flytta frå Garmisch Partenkirchen til Stryn for å få enno bedre forhold til å dyrka hovudinteressa si – friluftsliv – og er aktuell med handboka som inneheld 78 turforslag frå fjell, vatn og bre i Stryn.
Spiralrygg i kassett, 14 x 21 cm, nynorsk/tysk/engelsk, 78 turar
UTSELD
ISBN 978-82-7959-044-6 Les meir...
Gjennom tekst og foto presenterer forfattar og fotograf Oddmund Lunde ei annleis Bergensbok og inviterer til overraskande møte med menneske, dyreliv og natur i Bergen og byens nærområde. Han tek oss med til kjende og ukjende turmål og viser at ein ikkje treng dra langt for å få dei spesielle naturopplevingane.
UTSELD!
ISBN 978-82-7959-041-5 Les meir...
Avisa YTRE SOGN skriv: "... ei bok ein truleg aldri blir ferdig med fordi ho handlar om alt det som er mangelvare i vårt samfunn: nestekjærleik, menneskevarme og toleranse. ... Og ho varmar hjarta til alle som er glade i fjøresteinar, svaberg og fjell - og fykande frø."
UTSELD!
Olav Åm les sine eigne dikt i lydboka "Fykande frø".
ISBN 978-82-992915-9-0
Ei praktbok som er eit resultat av fire års arbeid. Boka omfattar intervju og samtaler med laksefiskarar frå Ytre Solund til Lærdal, og tek føre seg denne næringa slik ho vaks fram frå dei tidlegaste tider - like inn i vår tid.
Innb, 20,5 x 27 cm, nynorsk, 144 sider
UTSELD
ISBN 978-82-992915-5-2
Det starta kring 1820 med Flintoe, Gude, Tidemann og J.C. Dahl. Etter kvart skulle "alle" kunstnarar til Sogn og Balestrand. I denne praktboka fortel Arne Melkild om korleis Balestrand vart påverka av skiftande kunstretningar nasjonalt og ute i Europa. Rikt illustrert.
UTSELD!
Innb, 29,5 x 20,5 cm, nynorsk, 128 sider
ISBN 978-82-992915-2-1
"Fortun - bygda og krafta" tek for seg utbygginga av Fortun kraftverk. Vi får lesa om livet til rallarar og kokkar med arbeidsglede, bakrus og ulukker - 8 menn omkom i anleggstida. Boka tek og for seg den rike kulturhistoria til fortunsbygda frå tidleg på 1800-talet.
Innb, 19 x 22,5 cm, nynorsk, 174 sider
UTSELD
ISBN 978-82-7959-005-7
Denne boka er først og fremst skriven for alle som har tilknytning til gardsbruka i Sogn og Fjordane, men ho er også interessant for dei som er glade i fjell, friluftsliv og folkelege tradisjonar.
Mykje av ideen med boka ligg i erkjenninga av at viktig kultur- og lokalhistorie er i ferd med å gå tapt med det generasjonsskiftet vi no er inne i, men og i det faktum at Luster er den kommunen i Sogn og Fjordane som har hatt den mest omfattande utnyttinga av utmarksressursane - beiteområde og fjellvidder.
UTSELD!
Innb, 23,5 x 26 cm, nynorsk, 328 sider
ISBN 978-82-7959-006-4
Rolf Losnegård, Gaute Losnegård
Boka tek deg med på ei reise i tekst og bilete gjennom kommunane Gaular, Fjaler og Askvoll. Eit spennande landskap! Ville fjell, idyllar ved fjorden og verharde holmar og skjer. Ein stad for kvardagsmennesket sitt strev, men og ein møteplass for folk frå heile verda.
UTSELD!
Innb, 26 x 23,5 cm, nynorsk, 256 sider
ISBN 978-82-7959-007-1
Boka fortel om den første norske eksportindustrien. Kvernsteinar frå Åfjorden i Hyllestad vart utskipa til store område i Norden og Europa frå tidleg på 900-talet. Kanskje har vi her hatt den største arbeidsplassen på Vestlandet nokon gong. Historie/geologi.
Innb, 17 x 23 cm, nynorsk, 80 sider
Utseld.
ISBN 978-82-7959-016-3
Ei lita, innbunden bok som i stor grad er retta inn mot turistmarknaden. Mange fargefoto og parallelle tekstar på norsk og engelsk. Boka omhandlar bygder, natur, næringsliv og kulturminne i Luster kommune sett over eitt år. Viktige kulturminne som kyrkjer, Munthehuset, det verneverdige området i Solvorn, høgdegardar som Ormelid og Fureåsen, Dalsdalen, stølsvegar og stølar, steinsel og Straumane - der det fortsatt kan sjåast restar av "gangvegen" der strendingane drog båtane opp straumen - har alle fått plass i boka.
UTSELD!
Innb, 17 x 24 cm, nynorsk, 64 sider
ISBN 978-82-7959-013-2
Boka er forma som eit brev til Ingebjørg Belesdotter, kongsdottera som fann kjærleiken i Fridjof den Frøkne frå Vangsnes. Ho vart lenge hindra i å gifte seg med han grunna skilnader i sosial rang. Ingebjørg og Fridjof er omtala i over 20 islandske mellomalderskrift. Tidleg på 1800-talet vart soga plukka fram att av svensken Esaias Tegnér i Fridjofs Saga.
UTSELD!
ISBN 82-992915-1-8