Førdefestivalen er den største internasjonale folkemusikkfestivalen i Skandinavia og ein av knutepunkt-festivalane i Norge. Festivalen har kjempa seg gjennom medgang og motgang, barne-sjukdommar og skot for baugen til den no står fram som ein godt moden 20-åring. No får denne fargeklatten av ein festival si eiga bok!
ISBN 9788279591641
Kr 398,-
Kjerstin Risnes, Henning Rivedal
Journalist Henning Rivedal og historikar Kjerstin Risnes kjem med ei praktbok om gamalosten si rolle i norsk matkultur. Ein kan rynka på nasen, og det er nettopp det mange gjer når ein tek osten fram, men gamalosten fortset å vera del av daglegvaresortementet og ein av våre mest berykta eksportartiklar!
ISBN 9788279591658
Kr 298,-
Steinar Lægreid, Oddvar Natvik, Johs. B. Thue, Aage Engesæter
I 2010 er det 150 år sidan Årdal blei eigen kommune. Denne boka fortel om kampar for å sikra lokalsamfunnet sine interesser gjennom desse åra, om årdølene sine politiske krefter, og om korleis kunnskap har prega utviklinga av industrisamfunnet.
Innb. 24 x 26 cm, nynorsk, 208 sider.
ISBN 9788279591467
Kr 368,-
Aage Engesæter, Anna Avdem, Lars Asle Vold
Levd liv fortel soga om sogningane frå steinalderen til i dag. Korleis levde dei? Kva levde dei av? Boka skildrar fortida så levande at vi blir dregne inn i soga. Vi luktar røyken i dei gamle stovene. Livet til sogningane gjenspeglar på mange måtar livet til nordmennene generelt. Slik er denne boka også eit stykke noregs-historie, sett med sogningane sine auge.
Innb. 24 x 26 cm, nynorsk, 336 sider.
ISBN 978-82-7959-132-0
Kr 498,-
Boka handlar om dei vestlegaste grendene i Vik kommune og Nybø,Kroksnes og Ortnevik i Høyanger kommune. Forfattaren fortel sterke historier om
korleis det er å bu på ein veglaus stad.
ISBN 9788279591412
Kr 298,-
Ei praktbok om bygda Voss sett gjennom fotograf Kjell Herheim sine bilete. Bileta fortel om nærare 60 år med folk og situasjonar – ei bok som vil gleda og mora mange!
Innb. 24 x 26 cm, nynorsk, s. 240.
UTSELD!
ISBN 9788279591290
Kr 398,-
Per Olaf Breifjell, Oddmund Lunde, Hans H. Thyri
Forfattaren Hans H. Thyri tek oss med på ei kulturhistorisk vandring gjennom storslagen natur – frå Vidda og ned Aurlandsdalen – forbi
regulerte fjellvatn, stølar, gamle gardsbruk og ned til Vassbygdi og Aurlandsvangen.
Innb, 22,5 x 24,5 cm, nynorsk, s. 144.
ISBN 9788279591306
Kr 398,-
Frå skuletun til campus – soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane
I boka skriv forfattar Gunnar Yttri om høgre utdanning i Sogn og Fjordane gjennom fire tiår, frå etableringa av Sogndal lærarskule og Sogn og Fjordane distriktshøgskule til høgskulen i dag.
Innb. 25 x 27,7 cm, nynorsk, 304 sider.
ISBN 9788279590989
Kr 398,-
I 2008 er det 100 år sidan bilruter kom i gang på varig basis i Noreg. Fram til personbilen sitt gjennombrot på 1960-talet var rutebilen det bindande leddet mellom nord og sør, aust og vest.
Forfattar og historikar Gaute Losnegård har samla heile den norske rutebilhistoria i denne boka, noko som aldri er gjort før.
Innb, 24 x 26 cm, ca. 250 sider, nynorsk
ISBN 9788279591252
Kr 398,-
Ei praktbok om bygda Sogndal sett gjennom fotograf Leiv Bergum sine bilete. Han kom til bygda i 1951 og starta fotoforretning. Sidan har han teke bilete av bygda, folket og det som skjer. Vi har samlar dei beste fotografia i denne boka.
SØLV i open klasse i «Årets Vakreste Bøker 2008»
Innb, 24 x 26 cm, nynorsk, 270 sider.
ISBN 9788279591108
Kr 398,-
Denne boka fortel historia om Hopstock hotell og folka som har drive hotellet. Hopstock-familien kom til Vik i 1847 og kjøpte gjestgivarstaden og landhandelen. Hopstock hotell er dermed kanskje det eldste hotellet i Sogn og Fjordane.
ISBN 978-82-7959-092-7
Kr 198,-
Boka er gitt ut i samarbeid med Sogn og Fjordane Husflidslag og byggjer på det store registreringsarbeidet som husflidslaga i fylket føretok frå hausten 1997 og fram til 2000.
Innb, 24 x 26 cm, nynorsk, 134 sider
348,-
ISBN 978-82-7959-068-2
Kr 348,-
Liv Rege Engan har gjennom mange år fotografert og samla opplysningar om stølar i noverande Vik kommune i Sogn. Utnytting av utmarksressursane var i tidlegare tider svært viktig, og no blir denne bruken dokumentert i bokform. Over 200 stølar som vart nytta av gardar i Arnafjord, Vik, Vangsnes, Feios og Fresvik er med i boka.
Innb, 24x26 cm, nynorsk, 272 sider.
ISBN 978-82-7959-052-8
Kr 448,-
Vik fekk sitt første skulehus i 1741 og var dermed ein pionerkommune på landsbygda. Då den 9-årige skulen vart innført, var Vik kommune igjen tidleg ute. Skulesoga startar med ein generell del, frå byrjinga i 1741 og fram til i dag. Deretter har skulekrinsane fått kvart sitt kapittel.
ISBN 978-82-7959-071-2
Kr 298,-
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
I 2005 var det 100 år sidan oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige.
Innb, rikt illustrert, nynorsk, 290 sider
388,-
ISBN 978-82-7959-067-5
Kr 388,-
Boka tek for seg Gulatinget frå Harald Hårfagres dagar og fram til omkring 1300. Då vart tinget flytt frå Gulen til Bergen.
UTSELD!
ISBN 978-82-7959-022-4
Kr 350,-
Nye maskiner har endra arbeidsmåtar i vegarbeidet radikalt i tida etter krigen. Her fortel Kristen Askeland om den rivande utviklinga som har funne stad. Til slutten av 1940-åra var vegarbeid prega av tungt fysisk, manuelt arbeid. Så kom maskinene. Slitet vart redusert, og kapasiteten gjekk opp. I dag blir mykje gjort av avanserte maskiner, ofte utstyrde med kompliserte dataprogram.
Innb, 20,5 x 24,5 cm, nynorsk, 174 sider
ISBN 978-82-7959-032-3
Kr 148,-
I 1877 overtok Ole Kvikne eit lite kremmarsete i Balestrand og la grunnlaget for eit hotelldynasti som seinare har gått i arv frå generasjon til generasjon.
ISBN 978-82-7959-026-2
Kr 198,-
Romanen ”Herskap ved fjorden” kom ut på tysk på 1930-talet og er skriven av den sveitsiske forfattaren Karl Friedrich Kurz. Kurz budde i Sunnfjord frå 1924 til 1950. Då flytte han til Sotra der han døydde i 1962. Han var svært populær i tysktalande land. I 1934 fekk han mellom anna Schillerprisen frå den sveitsiske Schillerstiftinga. Herskap ved fjorden er første boka av Kurz som er omsett til norsk. Omsetjarar er Heidi Helle og Rolf Losnegård.
Innb, 13 x 22 cm, nynorsk, 206 sider
ISBN 978-82-7959-033-0
Kr 98,-
"Segner frå Sogn" er ei samling segner med opphav frå bygdene rundt Sognefjorden. Dei frodige forteljingane om huldrer og trollkjerringar, jolereia og gjengangarar, mara og mannbjørnar har røter langt tilbake i sogningane si kulturhistorie. Dei vart samla inn av Olav Sande på slutten av 1800-talet, men berre nokre få av dei er allment kjende.
Innb, 20 x 25 cm, nynorsk, 128 sider
TILBOD: 199,-
(før: 348,-)
ISBN 978-82-7959-045-3
Kr 199,-
Boka vert gitt ut i samband med at kunstnaren Hans Gjesme ville ha fylt 100 år 8. mai i år. Forfattarane Morten Johan Svendsen (red.), Hermann Starheimsæter, Ulla Uberg og Ingrid Norum har gått gjennom Gjesmesamlinga i Lærdal. Dei har skrive om kunstnaren og om utvalde landskapsmåleri og portrett.
348,-
ISBN 978-82-7959-042-2
Kr 348,-
Rolf Losnegård, Gaute Losnegård
Peter Andreas Blix (1831-1901) var ein av landets fremste arkitektar og ingeniørar i siste halvdel av 1800-talet. Blix voks opp i Stavern og Oslo og budde som vaksen vekselvis i Oslo og Bergen, ei tid i Kongsvinger, men enda sine dagar i Vik i Sogn. Han bygde kanalar, teikna over 50 jernbanestasjonar, fleire hotell (m.a. Mundal i Fjærland og Fleischer på Voss), kyrkjer og offentlege bygningar, og endå fleire praktfulle bustadhus, særleg i Bergen.
Innb, 22 x 28 cm, nynorsk, 224 sider
UTSELD
ISBN 978-82-7959-021-7 Les meir...
Boka kom ut i samband med at det i 1998 var hundre år sidan Skattefuten sitt kontor vart skipa.
Innb, 17 x 21 cm, nynorsk, 64 sider
ISBN 978-82-7959-002-6
Kr 148,-
Ei praktbok som er eit resultat av fire års arbeid. Boka omfattar intervju og samtaler med laksefiskarar frå Ytre Solund til Lærdal, og tek føre seg denne næringa slik ho vaks fram frå dei tidlegaste tider - like inn i vår tid.
Innb, 20,5 x 27 cm, nynorsk, 144 sider
UTSELD
ISBN 978-82-992915-5-2
Kr 295,-
"Fortun - bygda og krafta" tek for seg utbygginga av Fortun kraftverk. Vi får lesa om livet til rallarar og kokkar med arbeidsglede, bakrus og ulukker - 8 menn omkom i anleggstida. Boka tek og for seg den rike kulturhistoria til fortunsbygda frå tidleg på 1800-talet.
Innb, 19 x 22,5 cm, nynorsk, 174 sider
UTSELD
ISBN 978-82-7959-005-7
Kr 200,-
Denne boka er først og fremst skriven for alle som har tilknytning til gardsbruka i Sogn og Fjordane, men ho er også interessant for dei som er glade i fjell, friluftsliv og folkelege tradisjonar.
Mykje av ideen med boka ligg i erkjenninga av at viktig kultur- og lokalhistorie er i ferd med å gå tapt med det generasjonsskiftet vi no er inne i, men og i det faktum at Luster er den kommunen i Sogn og Fjordane som har hatt den mest omfattande utnyttinga av utmarksressursane - beiteområde og fjellvidder.
UTSELD!
Innb, 23,5 x 26 cm, nynorsk, 328 sider
ISBN 978-82-7959-006-4
Kr 398,-
Boka fortel om den første norske eksportindustrien. Kvernsteinar frå Åfjorden i Hyllestad vart utskipa til store område i Norden og Europa frå tidleg på 900-talet. Kanskje har vi her hatt den største arbeidsplassen på Vestlandet nokon gong. Historie/geologi.
Innb, 17 x 23 cm, nynorsk, 80 sider
Utseld.
ISBN 978-82-7959-016-3
Kr 99,-
Leikanger kyrkje vart bygd i stein omlag år 1250. Boka handlar om bygningen, prestane, prestegarden og bygda. Også dei tre andre kyrkjene som har vore i Leikanger har fått sin omtale.
Innb, 17 x 26,5 cm, nynorsk, 168 sider
195,-
ISBN 978-82-7959-009-5
Kr 195,-
Ny utgåve av ei bok som første gong kom ut i 1912. Boka handlar om den kjende bjørnejegeren Nils J. Røysum (1854 - 1949) frå Leikanger. Han skal m.a. ha skote 46 bjørnar.
Innb, 12 x 18,5 cm, nynorsk, 148 sider
TILBOD: 149,-
(før 199,-)
ISBN 978-82-7959-008-8
Kr 149,-