skald.no > Utgjevingar > Barn
Bli kjent med Fritz som vil hjelpe dyra i Afrika, Dunja som lærer bestefar å lese, Ingrid som er så forelska og Mikkel som ikkje liker at broren er forelska.
ISBN 9788279591696
Kr 199,-
Trøysteboka er den tredje boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar. Etter dei to prislønna første bøkene Godnattboka og Eventyrboka skriv forfattarane i denne boka om det å trengje trøyst og om å gi trøyst til andre.
ISBN 9788279591665
Kr 298,-
Rakel Helmsdal, Kalle Güettler, Áslaug Jónsdottir
Veslemonster og Storemonster er gode vener, men av og til er det ikkje så lett å vera liten...
Finst i bokmålsutgåve ISBN 9788279591597
ISBN 9788279591580
Kr 149,-
Rakel Helmsdal, Kalle Güettler, Áslaug Jónsdottir
Bok nummer to i serien om Storemonster og Veslemonster!
Finst i bokmålsutgåve ISBN 9788279591610
ISBN 9788279591603
Kr 149,-
Her kjem ei bok om dyr – men det er ikkje ei kva som helst dyrebok! Du kan lesa om korleis du kan best ta deg av dei ulike dyra. Boka gir ei fin innføring i dyrevelverd og kva ansvar ein har for at dyra har det godt.
BOKMÅL 9788279591566
Innbunden, 19 x 26 cm, 64 sider.
ISBN 9788279591557
Kr 149,-
To gutar slost fordi han eine begynte. Eller var det fordi han andre begynte? Den eine drog den andre i håret, men den andre klaup jo den eine i armen? Når to gutar blir uvenner, gløymer dei kvifor dei er venner, men kanskje gløymer dei til slutt kvifor dei krangla?
Ei bok om å bli uvenner. Og venner igjen.
Innb. 17 x 20,5 cm, nynorsk, 28 sider.
ISBN 9788279591481
Kr 149,-
Jenter er nokre gørrkjedelege reddharar! For to små gutar som desse, er saka klar: Jenter leikar med dokkene sine heile dagen lang, dei må ha med seg alle kosedyra i senga, dei er redde for alt, til og med for spøkelse. For spøkelse finst vel ikkje? Nei, dei gjer ikkje det. Eller ... ?
Ei morosam bok om tøffe gutar som kanskje er bittebittelitt redde sjølve?
Innb. 21,5 x 20,5 cm, nynorsk, 28 sider.
ISBN 9788279591450
Kr 149,-
Alle barn har høyrt om kjærleik, men mange veit kanskje ikkje heilt kva ordet betyr. Kjærleiken er rundt oss kvar einaste dag, og dei vaksne snakkar om han heile tida. Men kva er eigentleg kjærleik? Kva er det å vera forelska? Boka fekk pris for beste barnebok i Frankrike i 2003.
Innb. 24,5 x 23 cm, nynorsk, 32 sider.
ISBN 9788279591474
Kr 198,-
Gunvor Rasmussen, Ingelin Røssland, Solveig Aareskjold, Erna Osland, Einar Økland, Atle Hansen, Solfrid Sivertsen
Har du høyrt om trampetrollet som ville danse? Visste du at dodidodidyret helst berre ville klemme heile dagen? Har du nokon gong sett ei ekte kvapserumpe? Ei eventyrleg og fargerik bok for barn frå 6 år som fungerer både til
høgtlesing og sjølvlesing.
Innb. 16,5 x 23,5 cm, nynorsk, 224 sider
ISBN 978-82-7959-138-2
Kr 298,-
Anne Angelshaug, Titus Kodzoman
Langt, laaangt mot nord, så langt mot nord som det er mogleg å koma, der bur isbjørnane. Torbjørn er ein liten isbjørn. Ein dag sit han på ein stein og klør seg i hovudet. Sjølv om han har kvit pels, fire labbar, to søte små øyre og likar å symja i havet, er det noko som ikkje er som det skal vera.
Innb. 24 x 24 cm, nynorsk, 32 sider.
ISBN 978-82-7959-137-5
Kr 198,-
Tor er allereie temmeleg høg. Nesten ein heil meter! Han er likevel ikkje stor nok til å nå opp til kjeksboksen på kjøkenskåpet, slik som mamma.
Tor synest dei vaksne har det mykje lettare, men det har sine fordelar å vera liten også.
Innb, 17,8 x 28,1 cm, nynorsk, 40 sider
Utseld.
ISBN 978-82-7959-134-4
Kr 198,-
Stina Langlo Ørdal, Olaf Husby
Har du nokon gong tenkt på at ein elgjeger jaktar på elg, men kva med ein fallskjermjeger? Eller at alligatorsko er laga av alligatorskinn, men kva så med hestesko?
Innb. 16,7 x 23,8 cm, nynorsk, s. 218, leseband
ISBN 9788279591269
Kr 298,-
Olai elskar å sitje på fanget til mamma. Men når mamma sin mage tek til å vekse, er det ikkje plass på fanget meir. Olai bestemmer seg for å finne seg ei ny mamma, men det er mange å velje i. Ei morosam bok om jakta på verdas beste mamma.
Innb, 19,3 x 20,8 cm, 28 sider, frå 2 år.
ISBN 9788279591207
Kr 149,-
Sofie er veldig stolt av pappaen sin. Han er den finaste pappaen i heile verda. Nokre gonger er han klovn, andre gonger trollmann og av og til også ein superhelt. Men kva skjer om pappa plutseleg vert liten som ei mus? Då må Sofie ta seg av han og passe på han.
Innb, 19,3 x 20,8 cm, 28 sider, frå 2 år.
ISBN 9788279591221
Kr 149,-
Den vesle bygda Fripp som lever av å selja geitemjølk, vert fullstendig infisert av gapparar.
Innb, 13,6 x 24,3 cm, 96 sider, fullillustrert, nynorsk- og bokmålsutgåve.
ISBN 9788279591191 (bokmål)
ISBN 9788279591184
Kr 198,-
Dette er den andre boka i serien om Oups frå Hjarteplaneten – ei fredeleg stjerne langt vekke. På kjærleg vis syner Oups korleis vi kan sjå lysare på livet, sjølv på tunge dagar.
Innb, 16,5 x 15,5 cm, bokmål/nynorsk, 48 sider, konvolutt med kort bak i boka.
Den nynorske utgåva er UTSELD!
ISBN 9788279591139 (bokmålsutgåve)
ISBN 9788279591146
Kr 149,-
Einar Økland, Erna Osland, Atle Hansen, Gunvor Rasmussen
Dette er den første godnattboka med berre nynorske forteljingar. Boka samlar 22 nye godnatthistorier skrivne av forfattarar frå heile Vestlandet, både etablerte skribentar og debutantar.
Vinnar av Nynorsk barnelitteraturpris 2007!
6000 eksemplar!
Innb, 16,7 x 23,8 cm, nynorsk, 224 sider, rikt illustrert, 3. opplag
ISBN 9788279591078
Kr 298,-
Ingunn Elida Wiken, Eli Kari Gjengedal
Kva er makrellskyer? Har du høyrt om skytromber? Og korleis blir eigentleg lyn og tore til?
Ei morosam og annleis vêrbok for heile familien.
Innb, 24,5 x 22,5 cm, nynorsk, 38 sider
ISBN 9788279591085
Kr 198,-
Dette er fortellingen om Oups som kommer fra Hjerteplaneten med to gaver til menneskene: Kjærlighet og Glede.
ISBN 978-82-7959-049-1 (bokmål)
ISBN 978-82-7959-047-7 (nynorsk)UTSELD
ISBN 978-82-7959-049-1
Kr 149,-
Reidar Solberg, Björk Bjarkadottir, Grete Letting
Bli med på ei reise nesten 1000 år tilbake i tid, til då stavkyrkjene vart bygde! Saman med den grøne draken kan du finne mange løyndommar under golvet, på taket, i veggene og i bakken!
ISBN 9788279590958
Kr 248,-
Heinz Janisch, Selda Marlin Soganci
Herr Jemini er heldig – uansett kva som skjer. Ved første augekast kan det sjå ut som om Herr Jemini er ein ulykkesfugl. Han dett ned trappa, mister kofferten sin og snublar i tauet. Men likevel er han heldig.
ISBN 9788279590941
Kr 188,-
Camilla Bjørke, Marjaleena Lembcke, Sybille Hein
Ein morgon skjer det noko underleg på slottet. Kongen kosar seg med frukosten, og prinsesse Rosenraud ventar på at tenestejenta Marie skal smørje ei brødskive til henne. Men plutseleg stivnar Marie til og kan ikkje røre seg.
TILBOD: 199,-
(før: 248,-)
ISBN 978-82-7959-089-7
Kr 199,-
Heide Stöllinger, Adelheid Dahimène
Prisløna barnebok og gåvebok for vaksne. To gamle esel skulle snart feire sølvbryllaup. Det lange samlivet hadde sett spor på dei. Eselkona hadde etter mange famntak fått eit søkk på halsen, akkurat der mannen hennar hadde ein kul.
TILBOD: 99,-
(før: 188,-)
Også på bokmål:
ISBN 978-82-7959-084-2 (bokmål)
ISBN 978-82-7959-083-5
Kr 99,-
Den vesle ulveungen Sim er ein leiken krabat. I dyrehagen fortel ulvemamma Una om korleis det er å leve i Verda Utanfor: springe over store sletter, jage i flokk gjennom skogane, hyle mot månen.
DIPLOM i kategorien biletbøker i «Årets vakreste bøker 2007»
Også i bokmålutgåve:
ISBN 978-82-7959-086-6 (bokmål)
ISBN 978-82-7959-085-9
Kr 198,-
Ingunn Elida Wiken, Jakob Sande
Med biletboka «Gåsa, katten og hanen», illustrert av Ingunn E. Wiken markerer forlaget SKALD 100-års jubileet for Jakob Sande.
ISBN 978-82-7959-060-6
Kr 179,-
Etter ein lang vinter vaknar Alberta og høyrer mamma Markmus fortelja om kjærleiken som kan få hjartet til å stupa kråke.
UTSELD!
ISBN 978-82-7959-062-0 Les meir...